«Allis sønn» av Magnhild Haalke var ein suksess frå første stund. Boka blei omsett til 17 språk, og fekk positive meldingar mellom anna i New York Times. Den vart relansert i 2020, og gir lesaren ei sterk og urovekkande historie om oppveksten til eit barn som er «annleis». 5 år gamle Elling er oppteken av fargar, og av ord som rimer, og passer ikkje inn i kvardagen i det vesle fiskarsamfunnet. Språket er metta og innhaldsrikt, og skildringane kloke og innsiktsfulle. Personane vert levande for lesaren, og skjebnen deira gjer sterkt intrykk!