Jon bur åleine saman med mor si. Ein dag får han eit brev, og han forstår at han ikkje kan vere der lenger. Han tar med seg Lisa og dei køyrer i veg med motorsykkelen til Jon. Det blir ei farefull ferd, for det er mange som vil hindre dei i å nå fram. Men kvar skal dei, og kven skal dei møte? "Litt å lese" er ein serie med lettleste bøker spesialskrive for vaksne med lesevanskar. Forteljingane er korte (mellom 4500 og 7000 ord) og språket er enkelt. Bøkene har eit luftig skriftbilete og er utgitt i samarbeid med foreininga Leser søker bok. Format: 11,5 x 18,5 cm.