Psykologen Karsten Scheel blir funnen myrda i ein kyrkjeruin. Fem år seinare blir ein mann drepen på brutalt vis på same stad. Ina Grieg, Scheels kollega og hemmelege elskar, blir inkludert i etterforskingsteamet. Ho finn uortodokse metodar for å få etterforskinga framover. Hennar gamle venn og mentor, den pensjonerte psykologprofessoren Trygve Winther, viser seg å bli til stor hjelp. Det blir snart klart at dei står ovafor ein seriedrapsmann besett av hemn.