Johan Nordahl Brun Grieg blei født i Bergen i 1902 og døydde i 1943, då flyet han køyrde med blei skote ned over Berlin. Han var forfattar, reporter og opphavsmann til nokre av dei viktigaste dikta i nyare norsk historie: dikt lese på radioen 17. mai 1940, for norske soldatar i Afghanistan 17. mai 2010 og etter dei tragiske drapa på Utøya 22. juli 2011. Nordahl Grieg levde eit eventyrleg liv, men heltebiletet av han må nok retusjerast ein smule etter denne biografien.