Amalie og Vilja er bestevenninner og skal byrjar på vidaregåande. Dei har store planar om kor fantastisk det skal bli å bu på hybel saman.
Amalie strevar med å finne sin plass i klassa med kunstinteresserte og kreative medelevar. Ho føler seg mislukka i forhald til alle dei sjølvsikre elevane i klassa si.
Vilja har det travelt med nye vener, festar og kafètreff. Det vert ikkje heilt slik som venninnene planla, og Amalie føler seg ensom og svikta av Vilja.
Kva kan snu Amalie sin kvardag til noko betre? Gir ho opp studentlivet, eller finn ho ein veg ut av einsemda og isolasjonen?