Ingmar lever eit sorgfritt liv som prostituert på eit attraktivt bordell i enklaven. Men så oppdagar han at opphaldsløyvet er borte, og når han prøver å skaffe seg eit nytt hamnar ei rekkje byråkratiske problem i vegen for han. Byen endrar seg: Folk er meir mistenksame og aggressive overfor framande og dei som er annleis. Når Ordenspatruljen byrjar å patruljere gatene og slå hardt ned på dei som ikkje passar inn innser Ingmar til slutt at byen ikkje lenger er ein trygg stad for han å vere. Hans beste ven Stjerna insisterer til slutt på at han reiser. Omtalen er utarbeidd av BS.