Husmannsfolket høyrer til den nære fortida vår, og er ein viktig del av norsk kulturhistorie. Denne boka fortel om utviklinga og avviklinga av husmannsvesenet, som er den nære og personlege historiske bakgrunnen for ein stor del av befolkninga i landet vårt to-tre generasjonar bakover. Med utgangspunkt i Gudbrandsdalen, eit av dei viktigaste husmansstroka, fortel Arnfinn Engen om korleis forholda var og korleis lovene vart praktiserte. Det byrjar med framveksten av husmannsvesenet i tida etter 1750 og held fram til avviklinga på byrjinga av 1900-talet. Forfattaren er utdanna historikar, og har blant anna vore forskar ved De Sandvigske Samlingar. Han har utgjeve fleire bøker, som for eksempel "Utvandringa " det store oppbrotet? (1978) ?Våre vakre hus? (1994) og ?Skap i Gudbrandsdalen? (2000). Illustrert med historiske fotografi. Litteraturliste og notar bak i boka. Nynorsk tekst.