11-åringen Michael reiser jorda rundt i båt med foreldra, men ein dag fell han og hunden Stella over bord. Dei blir skylt i land på ein tilsynelatande aude øy i Stillehavet. Michael slit med å overleve på eiga hand, utan vatten og mat kryp han saman for å døy. Då han vaknar, ligg det ein tallerken med fisk, frukt og ferskvatn ved sida av han. Det viser seg at ein gamal japansk mann bur på øya. Han flaut i land under 2. verdskrig. Gradvis veks det fram eit venskap mellom dei. Nynorsk tekst. Spenning for mellomtrinnet.