Når vi tenkjer på korleis folk budde før, ser vi kanskje for oss enkeltvise garder innramma av store åkerlapper. Det mange ikkje veit, er at klyngetuna var sentrale deler av gardsdrift og samfunnsorganiseringa i vår nære historie. Mellom 1860-1920 pågjekk ei modernisering som løyste opp disse buformene, men inntil då budde mange nordmenn i samla klyngetun der eit lappeteppe av åkre blei dyrka mellom husa. I dag er nokon av klyngetuna freda; somme har blitt til museer, atter andre til feriebustader. Frå Agder i sør til Troms i nord gir forfattarane eit bilete av dei norske klyngetuna, ein bygge- og butradisjon som vektlegger det solide og det nære. Forfattarane fekk idéen til denne boka under arbeidet med bokas «Norges låver». Omtalen er utarbeidd av BS.