Bli med og utforsk krabatar frå sjø og fjæresteinar. Det er ei verd full av dyr, og mange fjærefantar som gøymer seg. Tekst og illustrasjonar tek utgangspunkt i det som kjenneteiknar artane, deira utsjåande og livsform, og fabulerer fram morosame situasjonar. Har kort tekst på rim om livet i fjord, sjø og blant fjæresteinane, samt fargerike illustrasjonar. Billedbok/dikt for førskolebarn/småskoletrinnet.