Lån boka
Om boka
Dette er ein novellesamling om personar som lever i skuggen av andre verdskrig. I kronologisk rekkjefølgje får ein sjå glimt frå liva til ulike menneske. Natt til 9. april 1940 er elevane ved befalsskulen i ferd med å førebu seg til eksamen i feltarbeid når alarmen går. Seinare må to systrer gi seg ut på ei nattesferd for å levere ein tung beskjed. Mens elleve ungdomar får stelt ein fiskebåt og er på veg vestover sit ein ung mann tilbake i arresten og skal bli skoten. Den unge gymnasiasten Abraham får eit tips om å reise før det er for seint, og ein russisk fange byter dei vakraste tinga han har mot mat og klede. Mens vesle Isak flyktar mot Sverige pakkar ein tysk soldat sekken og går mot havet. Omtalen er utarbeidd av BS.