Vanlege folk i norske bygder las for nokre hundreår sidan mykje meir enn ein har rekna med, viser Jostein Fet i denne boka. Han meiner at myten om kor uopplyste den norske allmenta var må reviderast med fleire hundre år og nyanserast kraftig. Forfattaren ser mellom anna nærare på korleis bøker fra den dansk-norske eliten på underleg vis hamna i hendene på allmugen og fekk ein viktig funksjon der. Vidare får vi stifte kjennskap med eit katekismeverk på 8000 sider, og med fleire av dei eldste norske folkevisene. Ei ukjend verd opnar seg dessutan i kapitla som omhandlar magiske formlar og utydde teikn.