I boka «Tillit» av Hernán Diaz får me livshistorien til eit berømt og rikt ektepar som lever i New York på 1920-talet. Men så byrjer me å lure… Kven var dei eigentleg? Kven har den rette og sanne versjonen av kven dei var? Forfattaren skriv på ein intelligent og velformulert måte, og fiffen i New York på 1920-talet er eit interessant miljø å få innblikk i. Boka skiller seg ut i mengden, både i oppbygning og innhald! Språket er detaljert (og tidvis tungt å lese med mindre ein har god innsikt i økonomiske fagomgrep). Og i starten lurer ein på kva dei fire delane av boka har med kvarandre å gjera. Men hald ut! Du får ei aha-oppleving til slutt, og boka er vel verd å lese!