Forteljinga om drapet på AP- politikar Storefjeld og familien er godt fortalt, i tre delar og av tre ulike stemmer. Språket og tempoet i boka endrar seg med kvar karakter, som gjer forteljinga interessant. Spørsmålet om kven som har gjort det er ope heilt til slutten.
Det er likheitstrekk mellom det nasjonale traumet i boka, og det traumet nasjonen gjekk gjennom med 22. juli. Slik blir boka ein kommentar til ei av dei større hendingane i nyare norsk historie.